Pårørandeskule

Kurs for pårørande til personar med demens hausten 2023.

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein vær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. 

 

Pårørandeskulens mål:

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar
  • Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personer med demens 
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet 
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon

På pårørandeskulen vektlegg ein tryggleik, og fortrulege opplysningar som kjem fram skal verta verande hjå deltakarane. Det blir lagt til rette for avlasting på kurskveldar ved behov.

Kva inneheld kurset:

  • Demenssjukdomane - sjukdomslære
  • Kommunikasjon med personar med demens
  • Pårørandes opplevingar, eigenomsorg og ventesorg
  • Lovverket; rettar for personar med demens og deira pårørande
  • Tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi

Hovedforelesarar:

  • Lise Næss, spesialpsykolog
  • Ove Khas Wangsteen, advokat
  • Nina Alvseike, geriatrisk sjukepleiar
  • Anita Gravelsæter Melkeråen, sjukepleiar
  • Andre

Praktiske opplysningar:

Stad: Etne omsorgssenter/dagsenter 

Dato og tidspunkt: 11. oktober, 18. oktober, 25. oktober og 1. november. Alle dagar frå kl. 18.00 - 21.00.

Frist for påmelding er 13. september. Begrensa med plasser.

Kursavgift: 400 kr per deltakar (inkluderer kursmateriell og enkel servering)


For påmelding eller fleire opplysningar, kontakt:

Namn: Solveig Kvamme

Telefon: 902 38 354

E-post: Frivillig.Etne@gmail.com 

2024 © Vindafjord frivilligsentral