Bølgja for dei eldre

1. oktober er den internasjonale eldredagen. I den anledning tek Kultur og læring og Rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting bølgja for dei eldre.

PROGRAM 2023:

Torsdag 28. september
Kl. 11.00 – Konsert med trubadur Jimmy Næs.
Han skal framføra «Vestlandsvis» som først og fremst er eit viseprogram, men med eit og anna dikt/småstubbar.
Stad: Sjøperlo Hall, Kultur- og læringssenteret i Ølen (Sjøperlo).

Fredag 29. september
Kl. 11.00 – Seniortreff
Open møteplass for eldre.
Stad: Arrangementkafeen, Kultur- og læringssenteret i Ølen (Sjøperlo).

Måndag 2. oktober
Kl. 12.00 – 13.15 – Seniorgaming
Bli med på digital bowling. Dette er ein aktivitet som passar alle, ein treng ikkje å ha erfaring frå tidlegare. Ein vel sjølve om ein vil stå eller sitje medan ein spelar.
Stad: Biblioteket, Kultur- og læringssenteret i Ølen (Sjøperlo).

Tysdag 3. oktober
Kl. 16.00 – Eldrefest
Matservering, drøs og foredrag om god livskvalitet og helse.
Konsert med Rita Fotland Bøe og Kåre Bøe.
Aldersgrense 67 år, med følgje. Pris kr. 300,-
Påmelding på tlf: 53 65 65 65. Frist: 28. september.
Stad: Ølen Kulturhus.

2024 © Vindafjord frivilligsentral