Informasjonsmøte 3. april 2024

Informasjonsmøte for frivillige som vil bidra til integrering av flyktningar.
Vil du vera med å gi flyktningar som kjem til kommunen ein god start? Kom på informasjonsmøte 3. april kl. 18.00 - 20.00. Hugs påmelding. 

Det blir informasjon om vårt nye prosjekt; velkomstvenn.

Kva er ein velkomstvenn?
Eit medmenneske, nokon å støtta seg på i ein etableringsfase og ein vegvisar inn i lokalsamfunnet. Velkomstvenner blir kjent med ein anna kultur, samstundes som ein bidreg til at nyankomne flyktningar får kjennskap til det norske språket, kulturen og samfunnet.

Den frivillige velkomstvennen og flyktningen finn på ting saman som begge partar trivast med. Ein kan ha eit fast tidspunkt kvar 14. dag eller meir sporadisk. Eksempel på aktivitetar kan vera:
  •  invitera på ein kaffikopp eller ein middag
  •  rusletur i lokalmiljøet eller gå ein fjelltur
  • sosiale tilstellingar i bygdene som revy, fiskafestival, fotballkamp m.m.
  • inkludering i fritidsaktiviteter
  • språktrening og leksehjelp

Dersom datoen ikkje passar, men du syntes dette høyres interessant ut - ta kontakt med frivilligsentralen!



2024 © Vindafjord frivilligsentral