Foredrag med Simen Almås

Måndag 10. oktober er verdensdagen for psykisk helse. Du er velkomen på føredrag om temaet 3. oktober i kinosalen på Skakke.

Måndag 3. oktober inviterar Etne kommune, Etne frivilligsentral, Vindafjord frivilligsentral, Etne og Vindafjord mental helse og Åwesome Events vaksne, føresatte og ansatte som jobbar med ungdom med på føredrag med Simen Almås. Det vert fokus på tematikk innan psykisk helse, livsmeistring, identitet, kropp og sjølvbilete . 

Simen tek for seg livsglede og livsmestring, der fokuset er på korleis kvar enkelt kan endra livet sitt frå noko negativt til positivt. Sidan 2017 har han reist landet rundt og holdt godt over 500 føredrag om sin veg "tilbake i livet". I dag er han ein av Noregs fremste og mest ettertrakta føredragshaldar innan psykisk helse. 

Simen har sjølv gått gjennom traumatiske opplevingar i ung alder, og i føredraget går han i djupna på korleis ein som ung kan handtera små og store livsutfordringar. I føredraget set Simen fokus på korleis me som vaksne kan hjelpa ungdommar med å handtera livsutfordringar. 

Dette er eit føredrag som sett livet i perspektiv og som gir ord til ettertanke. 

Tid: 3. oktober klokka 18.00 - 19.30. Stad: kinosalen på Skakke, i Etne.

Følgjande problemstillingar vert tatt opp:
- Korleis møte ungdom som slit psykisk og som går gjennom tøffe periodar/hendingarr?
- Korleis rusta ungdom til å takla utfordringar?
- Kva reiskap kan me bruka for å oppnå større openheit mellom vaksen og ungdom?



2024 © Vindafjord frivilligsentral