Gåve frå Sparebankstiftelsen SR-bank til Vindafjord Frivilligsentral

Vindafjord Frivilligsentral har i dag motteke kr. 30 000,- til tiltaket FOR ALLE.

Banksjef i SR-bank, Magne Christiansen, var i dag på besøk på Sjøperlo for å overrekka Vindafjord Frivilligsentral kr. 30 000,- til tiltaket FOR ALLE. Daglig leiar Nina Frøyland mottok gåva, som kjem godt med i Frivilligsentralen sitt arbeid for å inkludera barn og unge i aktivitet. 

Midlane skal gå til dekning av medlemsavgift og utstyr til barn og unge som treng hjelp for å kunna delta i organisert idrett eller i foreiningar, vera med på  klasseturar, cupar og lignande, men som ikkje har midlar til dette sjølv. Gjeld dette deg, så ta kontakt med oss på Frivilligsentralen. 

Me takkar for gåva!

2024 © Vindafjord frivilligsentral