-
Informasjonsmøte 3. april 2024
Informasjonsmøte for frivillige som vil bidra til integrering av flyktningar.
Pårørandeskule
Kurs for pårørande til personar med demens hausten 2023.Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein vær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie.
Pårørandeskulens mål:
- Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar
- Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personer med demens
- Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
- Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon
På pårørandeskulen vektlegg ein tryggleik, og fortrulege opplysningar som kjem fram skal verta verande hjå deltakarane. Det blir lagt til rette for avlasting på kurskveldar ved behov.
Kva inneheld kurset:
- Demenssjukdomane - sjukdomslære
- Kommunikasjon med personar med demens
- Pårørandes opplevingar, eigenomsorg og ventesorg
- Lovverket; rettar for personar med demens og deira pårørande
- Tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi
Hovedforelesarar:
- Lise Næss, spesialpsykolog
- Ove Khas Wangsteen, advokat
- Nina Alvseike, geriatrisk sjukepleiar
- Anita Gravelsæter Melkeråen, sjukepleiar
- Andre
Praktiske opplysningar:
Stad: Etne omsorgssenter/dagsenter
Dato og tidspunkt: 11. oktober, 18. oktober, 25. oktober og 1. november. Alle dagar frå kl. 18.00 - 21.00.
Frist for påmelding er 13. september. Begrensa med plasser.
Kursavgift: 400 kr per deltakar (inkluderer kursmateriell og enkel servering)
For påmelding eller fleire opplysningar, kontakt:
Namn: Solveig Kvamme
Telefon: 902 38 354
E-post: Frivillig.Etne@gmail.com
Del på:
-
Bølgja for dei eldre
1. oktober er den internasjonale eldredagen. I den anledning tek Kultur og læring og Rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting bølgja for dei eldre.
-
Tur til Åkrafjordtunet
Onsdag 24. mai blir det tur for seniorar til Åkrafjordtunet.
-
Frivilligheita sin dag
Måndag 5. desember markera frivilligsentralen frivilligheita sin dag.
-
Foredrag med Simen Almås
Måndag 10. oktober er verdensdagen for psykisk helse. Du er velkomen på føredrag om temaet 3. oktober i kinosalen på Skakke.