Språktreff

I samarbeid med Vindafjord bibliotek, og vaksenopplæringa vert det arrangert språktreff på Sjøperlo i Ølen kvar torsdag kl. 12.30 - 14.00

Språktreffa er for både norsk – og framandspråklege, og er ein fin anledning til å bli kjent med nye personar og å få ein kjekk og lærerik samtale. Treffa er kvar torsdag og det er enkel servering i form av te/kaffi. Arrangementet er gratis og ein treng ikkje å melde seg på i forkant. Me håpar at mange har lyst til å kome, både frivillige og andre som vil øva på å snakka norsk. 

Ein kan ta kontakt med Silje Holden Birkeland (tlf: 46 74 54 81) på biblioteket om ein ynskjer meir info. 

 

2024 © Vindafjord frivilligsentral