FOR ALLE!

Står barnet ditt i fare for å ikkje kunne delta i fritidsaktiviteter grunna vanskeleg økonomi? Ta kontakt!
Sparebankstiftelsen SR-Bank har tildelt frivilligsentralen midlar som skal bidra til at alle barn, uavhengig av sosial og økonomisk situasjon skal ha moglegheit til å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre barn.

Midlane til FOR ALLE! kan til dømes dekkje medlemkontigentar, utstyr, aktivitetsklede og eigenandelar til stevner/cupar m.m.

Nokre lag og organisasjonar har sjølv ei slik hjelpeordning. Me oppmodar difor til å sjekke med eigen klubb/organisasjon om det finnes ei slik ordning, før ein kontaktar oss.

For å søkje om støtte tek ein kontakt med frivilligsentralen og forklarar situasjonen kort. Føresette, trenerar, kontaktpersonar i kommunen, klassekontaktar og andre bekjente kan ta kontakt på vegne av ein familie/barn. Det er ikkje nødvendig med noko dokumentasjon då dette er basert på tillit. 

Det er ynskjeleg med informasjon om:
- namn og alder på barnet
- fritidsaktivitet
- er det eit enkelt arrangement eller ein aktivitet som går over lengre tid?
- deltek barnet i andre fritidsaktiviteter?
- kostnad

Telefon: 48 18 40 78

E-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no 

2024 © Vindafjord frivilligsentral