Seniortreff - møteplass

Har du eit ynskje om å bli kjent med nye menneske og styrka ditt sosiale nettverk? Kom og bli med på seniortreff!

I år vert det arrangert open møteplass for seniorar kvar fredag frå kl. 11.00-14.00. Me held til i arrangementkaféen på Sjøperlo. 

Her kan du koma for ei triveleg stund i saman med andre seniorar. Det vert servert gratis mat og nokre gonger vil det vera innslag av ulike aktivitetar. Aktivitetar kan til dømes vera bingo eller eit musikkinnslag.

Biblioteket ligg vegg i vegg og ein må gjerna ta turen innom dei om ein har lyst til det!

2024 © Vindafjord frivilligsentral