Balansetrening for eldre

Fysisk aktivitet i gruppe leia av frivillige.

Aldersgruppe: Fra 60 år

MERK: gruppa som er aktive hausten 2025 er full, men ein kan skrive seg opp på venteliste. 

Ei balansegruppe er ei gruppe menneske som møtes for å vera fysiske aktive. Målet er å ha ein sterk kropp som gjer at ein betre kan klare seg sjølv. Fokus er på øvingar som fremjar balanse og styrke, både i armar og bein. Øvingane vil føregå på og rundt ein stol og deltakarane bestem sjølv om dei treng litt ekstra støtte i stolen eller ei. Med andre ord tilpassar ein øvingane for alle. Det er likevel to krav:

  • deltakaren må kunne kome seg til og frå balansetreninga på eige hand.
  • deltakaren må kunne reise seg frå stolen utan å nytte støtte/armlene.

Etter at ein er ferdig med treninga er det tid til drøs og ein kaffikopp for dei som ynskjer det.

Tidspunkt
Tysdagar kl. 11.00 - 12.30 på Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen.
Det er avgrensa med plasser og difor første mann til mølla prinsippet. Det er gratis å vera med. 

Påmelding
Påmelding til Vindafjord frivilligsentral på e-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no eller på telefon 48184078.

2026 © Vindafjord frivilligsentral