Øvingskøyring

Kunne du tenke deg å bruke ein time eller to i veka til å hjelpe andre på vegen mot førarkort?

Frivilligsentralen får jamleg henvendelsar frå personar som har behov for mengdetrening på bil. 

Med støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank og i samarbeid med Suldal Billkkering er det fleire som kan få tilbod om øvingskøyring. Til dette treng me fleire frivillige som kan stille som ledsagerar. 

Krav til ledsagar/frivillig:

  • må være fylt 25 år.
  • må ha hatt sertifikat klasse B samanhengande dei fem siste åra.

Kunne svare ja på følgande spørsmål:

  • Har eg tilstrekkeleg trafikal kompetanse som sjåfør til at eg kan hjelpe andre i gong med bilkøyring?
  • Har eg tid og tålmod til å følgje ein progresjon over tid?
  • Er eg villig til å oppdatera mi eiga kunnskap og gjera mitt beste for å vera eit førebilete for ein ny trafikant bak rattet?
  • Eg er klar over at eg som ledsagar vert sett på som førar av bilen under øvingskøyringa og dermed har det overordna ansvaret.  

Krav til den som skal øvingskøyre:

  • bestått teoriprøven.
  • fullført trafikalt grunnkurs.
  • sørge for å alltid ha med seg bevis på fullført trafikalt grunnkurs og gyldig legitimasjon med bilete. 
  • har starta køyreopplæring ved ein godkjent trafikkskule. 
  • betale for drivstoff. 


Bilen som skal nyttast står parkert på Suldal Billakkering i Sandeid. 

Tilbodet er for personar som ikkje har noko nettverk og/eller økonomi til å klare førarkortet på eigenhand. Tilbodet skal bidra til at personar får den mengdetreninga som er nødvendig.

2024 © Vindafjord frivilligsentral