-
Balansetrening for eldre
Fysisk aktivitet i gruppe leia av frivillige.
Bølgja for dei unge
Frivilligsentralen og Vindafjord bibliotek tek Bølgja for dei unge!Bølgja for dei unge er ei aktivitetsveka for ungdom, arrangert av frivilligsentralen og Vindafjord bibliotek i slutten av juni månad.
Program 2022
17. - 27. juni vert det arrangert aktivitetsveke for ungdom i Vindafjord kommune!
Hausten 2021 tok kultur- og læringssenteret bølgja for dei eldre. Inspirert av suksessen tek me i veke 25 bølgja for dei unge som er født i perioden 2004 – 2010. Aktivitetane me steller i stand famnar vidt, slik at flest mogeleg kan finne ein aktivitet som fenger.
Måndag til fredag byr biblioteket på gaming med blant anna byggekonkurranse i Minecraft. I same periode er det LEGO-veka. Tysdag arrangerer UngBibliotek og Frivilligsentralen pizzakveld kor me får besøk av Odin Heggebø som vil fortelje om korleis det er å vere transmann. Onsdag er det UngKreativ på dagtid og LEGO-byggekveld på ettermiddagen. Torsdag startar UngEkstrem opp, og laurdag blir det høve til å vere med på kurs i digital teikning. Bølgja for dei unge blir avslutta med tur til Kongeparken måndag 27. juni.
Alle arrangementa er gratis. UngKreativ, UngEkstrem, kurs i digital teikning og Kongeparken har påmelding og eit avgrensa tal med plassar.
Velkomen.
For meir informasjon sjå i kalenderen eller ta kontakt med frivilligsentralen eller biblioteket!
Del på:
-
Besøksvenn
Bli med og bidra til nye lyspunkt i andre sin kvardag.
-
Camp Vindafjord
Camp Vindafjord er eit gratis ferietilbod til elevar i 1. - 7. kl i Vindafjord kommune.
-
Digihjelp
Treng du hjelp i den digitale kvardagen? Få hjelp på biblioteket.
-
FOR ALLE!
Står barnet ditt i fare for å ikkje kunne delta i fritidsaktiviteter grunna utfordrande økonomi? Ta kontakt!