Fredag 29 Mars
Kl. 11:00 - 13:00, Kultur og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen
Seniortreff - møteplass for eldre
Har du eit ynskje om å bli kjent med nye menneske og styrka ditt sosiale nettverk? Kom og bli med på seniortreff!

Det vert arrangert open møteplass for seniorar kvar fredag frå kl. 11.00 - 13.00. Me held til i arrangementkaféen på Kultur- og læringssenteret, på Sjøperlo i Ølen. 

Her kan du kome for ei triveleg stund i saman med andre. Det er alltid ein kaffikopp å få og av og til også noko godt å bite i. Me har ofte aktivitetar som quiz, diktlesing, musikkinnslag og bingo. 

Biblioteket ligg vegg i vegg og ein må gjerna ta turen innom dei om ein har lyst til det!

2024 © Vindafjord frivilligsentral