17. april startar me opp ei treningsgruppa for personar over 18 år i Ølen sentrum. Treningane vert leia av ein frivillig som heiter Paul og vil føregå utandørs. Det vert fokus på calisthenics-øvingar (eigen kroppsvekt) og øvingar med utstyr som sandsekkar o.l. Det kan også vera aktuelt å nytta treningsapparat som står utandørs i sentrum. Øvingane vert tilpassa den enkelte.
Me håpar dette vil bli ein kjekk møteplass der treninga er ein bonus. Kom og bli med dei fredagane det passar! Det er inga påmelding og gratis å vera med.
Stad: Ølen skule
Tid: fredagar kl. 18.00 - 18.45.