Torsdag 23 Januar
Kl. 12:30 - 14:00, Kultur og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen
Språktreff
Språktreff - ein sosial møteplass for både norsk- og framandspråklege.

Språktreffa er for både norsk – og framandspråklege, og er ein fin anledning til å bli kjent med nye personar og å få ein kjekk og lærerik samtale. Treffa er kvar torsdag og du treng ikkje å melde deg på i forkant, det er berre til å ta turen innom. Arrangementet er gratis og det er enkel servering i form av te/kaffi. Me håpar at mange har lyst til å kome, både frivillige og andre som vil øve på å snakka norsk. 

På språktreffa vert ein delt inn i ei tilfeldige gruppe på 4-5 personar og ein får utdelt ark med ulike tema som ein kan prate om.

Samarbeid
Tilbodet er eit samarbeid mellom frivilligsentralen, vaksenopplæringa og biblioteket. Ta kontakt med ein av oss dersom du har spørsmål. 

2025 © Vindafjord frivilligsentral