Kvar fredag arrangera frivilligsentralen seniortreff for eldre på Kultur- og læringssenteret, på Sjøperlo i Ølen. Her er det innslag av ulike aktivitetar som t.d. bingo og musikkinnslag. Me har og jamleg besøk frå andre tenester og aktørar som vil informera om sine tilbod og arrangement. Det er alltid kaffi på kanna og ofte noko godt å bita i. Kom innom for ei triveleg stund i saman med andre.
Biblioteket ligg vegg i vegg og ein må gjerne ta turen innom dei om ein har lyst til det.
Behov for frivillige
Det er behov for fleire frivillige på seniortreffa våre. Oppgåver kan t.d. vera å bidra med mat, ha ansvar for kaffien, ynskje velkomen, bidra med underhaldning og/eller dekke på/av bord. Om ein kan bidra ein fredag i månaden er det til stor hjelp for oss.