Fredag 8. mars reiser seniortreffet vårt til Nesheimstunet i Vats. Og her er er det plass til fleire!
Elisabeth Nesheim vil fortelja litt om staden og historien. Etterpå blir det middag og dessert.
Menyen består av kjøttboller av hjort og til dessert blir det macron og kaffe.
Pris er kr. 100,- per person.
Det er satt opp buss frå Sjøperlo i Ølen kl. 11.00.
Heimreise cirka kl. 14.00.
Turen er støtta av midlar frå Gjensidigestiftelsen.
Påmeldingsfrist: måndag 4. mars.
Meld deg på til frivilligsentralen på telefon: 48 18 40 78 eller e-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no