Fredag 13 Oktober 2023
Kl. 12:30 - 14:00, Kultur og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen
Digihjelp
Treng du hjelp i den digitale kvardagen? Bli med på digihjelp.

Her vil du få hjelp til dine digitale utfordringar, samt høve til å auka din grunnleggande digitale kompetanse. 

Du vil først få innføring i eit aktuelt tema, deretter har du høve til å få hjelp med konkrete problemstillingar. Ta gjerne med nettbrett, mobil eller pc. 


Stad: Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen. Inngang ved aktivitetsparken.
Klokka 12.30 - 14.00. 

Datoar denne hausten:
8. september: Søke informasjon på internett
13. oktober: Persondata
6. november: Sosiale media
8. desember: Handle på nett

Tilbodet er eit samarbeid mellom Vindafjord bibliotek og frivilligsentralen.

2025 © Vindafjord frivilligsentral