-
Kontortid
Lån av lokale
På Sjøperlo i Ølen kan frivillige lag og organisasjonar låne lokale gratis.Arrangementkafeen som er lokale ein kan låne har eigen inngang ved aktivitetsparken og flott utsikt. Det er eit eige te-kjøkken og tilgang til handicap toalett. Det er plass til cirka 35 personar.
I tillegg er det mikrofon (mygg) og skjerm tilgjengelig. Skjermen står på hjul og kan flyttast rundt i rommet. Låneavtale og brannverninnstruks må vera gjennomgått og signert før ein får utlevert adgangskort.
Lokale er mykje i bruk både på dag- og kveldstid. Det er med andre ord lurt å vera tidleg ute om ein skal reservera rommet. Ta kontakt med frivilligsentralen om ein har spørsmål eller ynskjer å reservere lokale.
Telefon: 48184078. E-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no
Me lånar ikkje ut lokale til private og bedrifter, men det er mange lokaler ein kan leige i kommunen vår. Ta kontakt med frivilligsentralen om du ynskjer tips.






