Velkomstvenn

Bli ein vegvisar inn i samfunnet for nyankomne flyktningar.

Våren 2024 har frivilligsentralen i samarbeid med integreringstenesta starta opp med eit nytt prosjekt me har kalla velkomstvenn. 

Ein velkomstvenn er ein frivillig person som vert kopla saman med ein nyankomen flyktning eller ein flyktningfamilie for ein avgrensa periode på cirka 6 månadar. Som velkomstvenn er ein eit medmenneske, nokon å støtta seg på i ein krevjande etableringsfase og ein vegvisar inn i lokalsamfunnet. Som velkomstvenn vert ein kjent med ein annan kultur, samstudnes som ein bidreg til at nyankomne flyktningar får kjennskap til det norske språket, kulturen og samfunnet. 

Velkomstvennen og flyktningen finn på ting saman som begge partar trivast med. Ein kan ha fast tidspunkt kvar 14. dag eller meir sporadisk. Eksempel kan vera:

  • invitera på ein kaffikopp eller ein middag
  • rusletur i lokalmiljøet eller gå ein fjelltur
  • sosiale tilstellingari bygdene som revy, fiskefestival, fotballkampar m.m.
  • inkludering i fritidsaktiviteter
  • språktrening og leksehjelp

Me vil forsøkje å kople saman personar som bur i same bygd.

Krav til velkomstvennen:

  • må vera fyllt 18 år
  • fylle ut registreringsskjema
  • underteikna teielovnad
  • politiattest dersom ein er velkomstvenn for ein barnafamilie
2024 © Vindafjord frivilligsentral