-
Besøksvenn
Bli med og bidra til nye lyspunkt i andre sin kvardag.
Natteravn Ølen
I samarbeid med FAU på Ølen skule har frivilligsentralen starta opp med natteravn i Ølen sentrum.Natteravnane vandrar kvar tysdag frå kl. 17.30 - 20.30, utanom i feriar. På sikt kan det bli aktuelt med fleire dagar og i helger.
Infoskriv er sendt ut til føresette på Ølen skule. FAU har laga lister fram til sommaren, der føresette på ungdomskulen er satt opp. Dersom ein ikkje kan/vil er det fint om ein gir beskjed om dette til klassekontakten sin. Andre som ynskjer å bli natteravn kan ta kontakt med frivilligsentralen.
Kva er ein natteravn?
- Bidrar til eit godt oppvekstmiljø for barn og unge i nærområdet
- Vandrar ute i sentrum på kvelds- og nattestid
- Observerar, lyttar, gir rettleiing og hjelp når barn og unge tek kontakt
- Er edru og rusfri, blid og vennleg
- Er inkluderande og politisk og religiøs nøytral
Som natteravn
- Kan du vera med å skapa tryggleik og trivsel i ditt lokalmiljø
- Får du innblikk i barn og unges kvardag utanfor heimens trygge vegger
- Blir du kjent med andre engasjerte vaksne
Natteravnene Norge
Det er inngått ein samarbeidsavtale med stiftelsen Natteravnene Norge som forpliktar til følgjande:
- Natteravnene må følgja Natteravnenes etiske retningslinjer
- Natteravnene har ein sjølvpålagt teieplikt
- Natteravnene skal vera iført natteravnsjakke eller vest og vandrar aldri åleine.
Har du spørsmål eller vil registrera deg som natteravn? Ta kontakt med frivilligsentralen på tlf: 48 18 40 78 eller e-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no
Natteravn Ølen starta opp 6. februar 2024.
Del på:
-
Bølgja for dei unge
Frivilligsentralen og Vindafjord bibliotek tek Bølgja for dei unge!
-
Camp Vindafjord
Camp Vindafjord er eit gratis ferietilbod til elevar i 1. - 7. kl i Vindafjord kommune.
-
Digihjelp
Treng du hjelp i den digitale kvardagen? Bli med på digihjelp.
-
FOR ALLE!
Står barnet ditt i fare for å ikkje kunne delta i fritidsaktiviteter grunna vanskeleg økonomi? Ta kontakt!