-
Balansetrening for eldre
Fysisk aktivitet i gruppe leia av frivillige.
Tilfeldige oppdrag
Handlehjelp, køyreoppdrag, bærehjelp, snømåking m.m.Frivilligsentralen søker frivillige som har tid og lyst til å ta på seg tilfeldige oppdrag. Dette er ofte eingongsoppdrag som betyr at du ikkje treng å låse deg til noko over ein lengre periode.
Eksempel på oppdrag og døme på kva det kan innebære:
Følgesvenn: Køyre ein person til legetime, sjukehus, frisør og bibliotek. Vente til vedkommande er ferdig og køyre han/ho heim igjen.
Handlehjelp: Du hentar personen som treng hjelp, køyrer vedkomande til butikken, er med inn og hjelper til, køyrer til heimen og bærer varene inn til kjøkkenet. Dersom personen som treng hjelp ikkje har moglegheit til å vera med på butikken må vedkomande ta kontakt med sin nærbutikk for å laga ein avtale med butikken om at dei sender faktura etter at den frivillige har vært der og handla.
Snømåking: du vil få tilsendt ei adresse der det er meldt inn behov for hjelp til snømåking. Då er det i hovudsak å måke snø frå inngangsdør til utkjørsel/postkasse. Ikkje heile oppkjørsel/tun.
Arrangement: dette kan vera både i regi av frivilligsentralen, kommunen og frivillige organisasjonar i Vindafjord. Døme på oppgåver kan vera å selge billetter, servere mat, vere vakt og stå i kiosk.
Anna: bærehjelp, montere ei hylle, skifte ei lyspære osv.
Som frivillig bestem du sjølv når du har anledning og tid til å stille når du får ein henvendelse frå oss. Dersom det er oppgåver som passar deg betre enn andre gir du beskjed om dette.
Del på:
-
Besøksvenn
Bli med og bidra til nye lyspunkt i andre sin kvardag.
-
Bølgja for dei unge
Frivilligsentralen og Vindafjord bibliotek tek Bølgja for dei unge!
-
Camp Vindafjord
Camp Vindafjord er eit gratis ferietilbod til elevar i 1. - 7. kl i Vindafjord kommune.
-
Digihjelp
Treng du hjelp i den digitale kvardagen? Få hjelp på biblioteket.