-
Balansetrening for eldre
Fysisk aktivitet i gruppe leia av frivillige.
FOR ALLE!
Står barnet ditt i fare for å ikkje kunne delta i fritidsaktiviteter grunna utfordrande økonomi? Ta kontakt!For Alle midlene kan dekkje:
- utstyr
- aktivitetsklede
- medlemskontingent
- transport
- eigenandelar til tur/turneringar
For å søkje om støtte tek ein kontakt med frivilligsentralen på e-post eller telefon. Det stilles ikkje krav til dokumentasjon av privatøkonomi eller liknande då dette er basert på tillit. I tillegg til føresette kan trenar/lagleiar, kontaktpersonar i kommunen og andre bekjente ta kontakt på vegne av familiar.
Det er ynskjeleg med informasjon om:
- namn og alder på barnet
- type fritidsaktivitet
- enkelt arrangement eller ein aktivitet som går over lengre tid?
- deltek barnet i andre fritidsaktiviteter?
- kostnad
Tusen takk til Sparebankstiftelsen SR-Bank som har tildelt frivilligsentralen kr. 40 000,- til FOR ALLE.
Kontaktinformasjon:
Telefon: 48 18 40 78
E-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no

Del på:
-
Besøksvenn
Bli med og bidra til nye lyspunkt i andre sin kvardag.
-
Bølgja for dei unge
Frivilligsentralen og Vindafjord bibliotek tek Bølgja for dei unge!
-
Camp Vindafjord
Camp Vindafjord er eit gratis ferietilbod til elevar i 1. - 7. kl i Vindafjord kommune.
-
Digihjelp
Treng du hjelp i den digitale kvardagen? Få hjelp på biblioteket.