UngTysdag!

UngTysdag er ein open møteplass for ungdom på 7.trinn og opp til og med 1. vidaregåande skule.

Kvar tysdag klokka 18.00 - 20.00 er det open møteplass for ungdom på Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen. På UngTysdag kan ein henga saman med venner eller bli kjend med nye personar frå andre bygder. Ein kan spela brettspel, bingo, kahoot, driva med gaming, høyre på musikk, vitja UngBibliotek og mykje anna. Det vert også servert mat.
Tilbodet er gratis og ein står fritt til å stikka innom når ein har lyst. 

Dette er eit samarbeid mellom Vindafjord frivilligsentral og Vindafjord bibliotek. 


Skyss:
Det går rutebuss frå Imsland kl. 16.30 og frå Vikebygd (via Bjoa) kl. 17.20, sjå kolumbus.no. 




2024 © Vindafjord frivilligsentral