Besøksvenn

Bli med og bidra til nye lyspunkt i andre sin kvardag.

Vindafjord frivilligsentral søkjer fleire som ønskjer å vera tur- og besøksvenn. Ein vil då komme i kontakt med personar som av ulike grunnar ønskjer nokon å vera saman med. Kan du stilla med ein arm å holda i for ein liten rusletur? Eller kan du bruke litt tid på ein trilletur for ein rullestolbrukar? Det er mykje god helse og glede i ein liten rusletur! 

Som besøksvenn velger du og den som får besøk sjølv kva dykk skal gjera saman. Alt frå å gå på tur, handla, trimma, spela brettspel eller møtast for ein kopp kaffe. Ein kan vera besøksvenn for heimebuande i alle aldre og for dei som bur på Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.


Ta kontakt om dette kan vera noko for deg eller om du har spørsmål. 

Telefon: 48 18 40 78
E-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no 


Kva er forskjell på ein besøksvenn og ein støttekontakt?

Ein støttekontakt er ein person som får betalt av kommunen for å hjelpa eit anna menneske til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Støttekontaktar inngår ein kontrakt med kommunen for oppdraget. Det er gratis å motta hjelp og støtte frå ein støttekontakt. 

Ein besøksvenn er ein person som frivillig og ulønna besøkjer eit anna menneske. Kontakten formidlas av ansatt på frivilligsentralen. Begge partar skal ha glede av relasjonen, og me koplar menneske med like interesser saman. Som frivillig har ein ikkje forpliktelsar og kan slutta eller reisa på ferie på kort varsel etter eige ynskje. Frivillige kan ta ferie så ofte og så lenge ein vil.

2024 © Vindafjord frivilligsentral