Tilfeldige oppdrag

Handlehjelp, køyreoppdrag, bærehjelp, snømåking m.m.

Frivilligsentralen søker frivillige som har tid og lyst til å ta på seg tilfeldige oppdrag. Dette er ofte eingongsoppdrag som betyr at du ikkje treng å låse deg til noko over ein lengre periode. 

Eksempel på oppdrag og døme på kva det kan innebære: 

Følgesvenn: Køyre ein person til legetime, sjukehus, frisør og bibliotek. Vente til vedkommande er ferdig og køyre han/ho heim igjen. 

Handlehjelp: du vil få tilsendt ei handleliste og ei adresse dette skal leverast til. Du leverar så varene på adressa og får betalt via vipps. 

Snømåking: du vil få tilsendt ei adresse der det er meldt inn behov for hjelp til snømåking. Då er det i hovudsak å måke snø frå inngangsdør til utkjørsel/postkasse. Ikkje heile oppkjørsel/tun.

Arrangement: dette kan vera både i regi av frivilligsentralen, kommunen og frivillige organisasjonar i Vindafjord. Døme på oppgåver kan vera å selge billetter, servere mat, vere vakt og stå i kiosk. 

Anna: bærehjelp, montere ei hylle, skifte ei lyspære osv.

Som frivillig bestem du sjølv når du har anledning og tid til å stille når du får ein henvendelse frå oss.
Dersom det er oppgåver som passar deg betre enn andre så må du gi beskjed. 


2024 © Vindafjord frivilligsentral