Sykkelvenn

Bli med på å gi eldre og mennesker med nedsatt mobilitet ein betre livskvalitet.

Ynskjer du å gjera ein forskjell for alle dei som ikkje lenger kjem seg ut på tur på eiga hand?
Ta kontakt og registrer deg som sykkelvenn!

På Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet står det no to el-syklar med passasjersete klar for fleire og nye turar. Her er det behov for fleire frivillige som ynskjer å ta seg ein kosetur i ny og ne saman med ein bebuar. Her handlar det ikkje om å frakte ein passasjer frå A til B raskast mogleg, men å ta seg ein roleg sykkeltur ute i frisk luft. Det er viktig at passasjeren følar seg trygg, og at det går såpass langsomt at ein får med seg lukter og lydar frå naturen - og at ein kan stoppe og slå av ein prat med mennesker ein møter langs vegen.

Sykkelen har eit hjul bak og to hjul framme. Enkel opplæring i bruk av sykkelen vil bli gitt. 


Kontaktperson

Frivilligsentralen:
Liva Nesheim Fuglestein, tlf: 48184078, mail: liva.nesheim.fuglestein@vindafjord.kommune.no 

2024 © Vindafjord frivilligsentral